Featured

Haram Kommune

Overview

  • Founded Date 1 January 1900
  • Posted Jobs 1

Company Description

Kommunen som arbeidsgivar
Den viktigaste ressursen til kommunen er dei tilsette. I Haram kommune er vi opptatt av at våre medarbeidarar skal trivast i jobben sin og i lag med kollegaene sine. Dette forutset at ein har trygge og ordna rammer rundt seg, og moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.

Løn, forsikring og pensjon
Alle tilsette i Haram kommune er dekt av tariffavtale inngått med arbeidstakarorganisasjonane. Hovudtariffavtalen regulerer løns- og arbeidsvilkåra for alle arbeidstakarane i kommunen. Tilsette i Haram kommune er forsikra mot skadar og ulykker i arbeidet. Forsikringa inkluderer gruppelivsforsikring, yrkesskade- og ulykkesforsikring.

Haram kommune har ei god pensjonsordning gjennom KLP (Statens pensjonskasse for undervisningspersonale). Pensjonsordninga vert i hovudsak dekt av arbeidsgivar og kjem på toppen av løna.

Som arbeidsgivar betalar Haram kommune tilsvarande 16-20% av løna til den tilsette for å finansiere rettigheitene innan pensjonsordninga. Tilsette betalar tilsvarande 2% av løna, og ordninga gir då rett til alderspensjon/AFP, attføringspensjon/uførepensjon, ektefellepensjon og barnepensjon.

“Offentlig tjenestepensjon – kort fortalt”

IA-verksemd
Haram kommune er ein Inkluderande arbeidslivskommune. Kva inneber dette? Målet med Inkluderande arbeidsliv (IA) er at det skal skapas eit arbeidsliv med plass til alle. Dette gjer ein mellom anna med å førebygge sjukefråvær, auke fokuset på jobbnærvær og hindre utstøyting frå arbeidslivet. Gjennom IA-avtalen har kommunen forplikta seg til å arbeide systematisk for å nå måla i avtalen. Som følgje av dette har ein også utvida rett til eigenmelding ved sjukdom.

Bedriftshelseteneste
Haram kommune har avtale om bedriftshelseteneste. Bedriftshelsetenesta skal medverke til sunne, helsebringande arbeidsplassar, lågare sjukefråver og at den enkelte skal få den naudsynte oppfølginga når det gjeld helsemessige problemstillingar knytt til arbeidet sitt.

Fleksitidsordning
Det er mogleg for fleksible arbeidstidsordningar for stillingar der dette kan gjennomførast av omsyn til publikum og interne arbeidsforhold. Tilsette med fleksitid har eit visst ”spelerom” når det gjeld start og avslutning av arbeidsdagen. Normalarbeidsdagen treng altså ikkje vere oppfylt kvar dag; nokre dagar kan du jobbe meir, andre dagar mindre. Likevel slik at timane ein har avtalefesta vert oppfylt innanfor ein bestemt periode.

Kompetanseutvikling
Kvaliteten på tenestene Haram kommune leverer er avhengig av menneska i organisasjonen; deira kunnskapar, ferdigheiter, haldningar og personlege eigenskapar i møte med brukarane. Haram kommune er ein stor serviceleverandør for innbyggjarane. Det stiller store krav til kompetanse for å gi innbyggjarane det aller beste tilbodet. Derfor ønsker kommunen å gi moglegheiter for fagleg og personleg utvikling for den enkelte tilsette.

Top Promo